Økumenikk og homofilidiskusjon

Har tilhengarar av samkjønna vigsle, heile hegemoniet? Er vi som er for kyrkjeleg vigsle av berre heterofilt ekteskap gamaldags?

Skaparordning har vorte avløyst av utvikling og fuglane veit kvar dei fører oss, men dei har framtida for seg! Ja, mun det! Eg har i lang tid vore ven med to prestar i ELCA, USA, som har gjort si teneste der i eit langt liv.

Men kyrkjesamfunnet deira, tradisjonelt hovudkyrkja for lutherdom i USA, opplever at medlemstalet rasar nedover og dei må forlata kyrkjebygg. Missourisynoden, ei god og levande kyrkje, er den største av utbrytarsynodane, men det er andre òg: alle driv dei misjon i stor skala og optimismen rår. Liberalarar skriv bøker og artiklar over temaer som: «Why Conservative Churches Grow.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

SYNSPUNKT:Kirkesplittelse og splittelsens lokale arena

Liberal likegyldigheit er tydelegvis ein fundamental grunn i seg sjølv til at liberale kyrkjer får minska oppslutnad, men ikkje minst vigsle av samkjønna har vore ein katastrofe for medlemstalet. Det er ein heilt klar tendens at dei som har bryt ut for å føra ei konservativ evangelisk line, går fram.

Verdsevangelisten Billy Graham, som høyrer til i Southern Baptist, er snart 100 år gamal, men er framleis ein av USA sine 10 mest populære menn, sjølv om han framleis forkynner frelse og fortaping med stor tyngde. Den største lutherske kyrkja i Verda er Mekane Yesus kyrkja i Etiopia. Utbrytarsynodane frå liberale kyrkjer i Nord og nye lutherske kyrkjer i Sør melder seg inn i International Lutheran Council (ILC), som har 15 millionar medlemmer.

Dei er nå toneangivande i stadig større grad på bekostning av LWF (Lutheran World Federation), som om kort tid vil vera nummer to og sitja att med ei rekkje liberale kuriositetar frå nord.

Med vår «utvikling» og liberalitet er vi ein merkeleg utkant, langt opp mot Nordpolen, sett mot kristne befolkningar i resten av verda. Me bør og merka oss at sekulære Frankrike som stat ikkje går inn for likestilling av samkjønna og heterofil vigsle. Frankrike er så heldige at dei har ei stor katolsk befolkningsgruppe. Irland er eit eksempel som har slått andre vegen. I dei landa som har fått samkjønna vigsle godkjent i kyrkje og stat, ser vi at mange homofile forlet slike liberale kyrkjer og går til katolikkane, men og andre konservative.

Den Romersk Katolske Kyrkja har bortimot halvparten av alle kristne, medan dei hurtigst veksande kyrkjesamfunna i verda: Pinsevener og Karismatikarar er til saman nummer to, dei Ortodokse kyrkjesamfunna ein god nummer tre.

Alle desse tre kyrkjesamfunna har ein struktur som hjelper dei å stå for Bibelen sine ord i homofilisaka og i andre saker; difor trur eg me kan jekka ned den liberale nordiske arrogansen eit par hakk, me er ikkje aleine i verda.

Det tyder heilt enkelt at vi som vil stå for det Bibelen seier om ekteskap, faktisk er ein stor majoritet blant kristne i verda?