nlm: Eg vil vera i teneste for denne misjonen til seks mann ber meg ut, skriv Odd Dubland. Biletet er frå generalforsamlinga i 2018.

Noko fint om Misjonssambandet

Det har vore eit stormløp mot leiinga i Misjonssambandet i det siste. Eg har ikkje vore glad for det. Eg har hug å sei noko fint om Misjonssambandet.

Eg er ein eldre mann (82) og har i heile mitt vaksne liv vore forkynnar, bibelskulelærar, krinsstyremedlem og forsamlingsleiar i denne misjonen. Eg står framleis på i radioarbeidet. Eg er privilegert.

Eg har under stor fridom fått reist over heile landet med Guds ord. Nokon alvorleg konflikt med dei leiande har eg aldri vore borti. Eg kan ha vore usamd i saker som er gjort og sagt. Sett i ettertid har eg nok oppdaga at eg heller ikkje hadde heile vitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men dersom det er personar eg har vore misnøgd med, så hadde eg aldri gått til media med det. Nei, slettes ikkje personalsaker.

Det har lett for å bli ei sjølvhevding. Noko som apostlane åtvarar mot. For meg er det nemleg «min misjon». Det er eit vanskeleg ord som heiter «kall».

Ein ting er eg viss på: Dersom kallstanken visnar, då visnar misjonen. Eg ser meir og meir det viktige i alle våre misjonsvener som ofrar tid og midlar for å støtta misjonen. I foreiningsarbeid, gjenbruksbutikkar, dugnadar med meir. Massevis er ulønna arbeid.

Det er ikkje farleg om misjonen er stor. Det som er farleg er om vi blir store. Då treng ein ikkje lenger Guds hjelp. Du verden kom mykje sorg og frustrasjon ein kunne vorte spart for dersom ein såg si eiga hjelpeløysa.

Eg har sjølv opplevd tapte slag fordi eg ikkje tok meg tid til bøn. Det er her striden står for oss alle.

Eg skjemmest ikkje for å kalla Misjonssambandet «min misjon». Det har ikkje hindra meg i å sjå med respekt på andre sitt arbeid. Det er ikkje berre i Misjonssambandet eg har stått på talarstolen. Det er eg veldig glad for.

Ei kvinne som dreiv ein klesbutikk på Sørlandet ville syna fram klede som kunne høva for litt eldre folk. Ho arrangerte eit treff på ein aldersheim. Der fekk eldre kvinner gå på catwalken.

Eg vart spurt om å koma å ha andakt og song i samband med dette! Ja, tenk det! Eg trur at eg må vera den einaste predikanten i Noreg som har tala på ei mannequinoppvisning. Eg trur at dersom forkynninga er sunn, så vil det virka samlande på alle kristne. Der det er alvorleg splitting er det sjukdom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå starten av vart denne misjonen stifta for å senda misjonærar til Kina. Den har gjort det muleg å senda hundrevis av misjonærar til framande land. Dette er vår hovudsak.

Ein prest sa det slik: Eg kritiserte Misjonssambandet inntil eg fekk sjå arbeidet som misjonærane gjer i framande land. Då tagna kritikken. Kva er så Misjonssambandet for noko? Jau, det er ein del av meg! Når det er vanskar, så går det inn på meg. Det gjer meg vondt.

Nå syner historia vår at nokre var så misnøgde med Misjonssambandet at dei ville starta ny organisasjon. Korleis har det gått?

Jau, høgt på lasset nissen lo. «Jeg tror vi flytter i dag vi to.» Den reine forsamling fins ikkje.

Eg vil vera i teneste for denne misjonen til seks mann ber meg ut.

Les også
Åpent brev til Espen Ottosen
Les også
Endre Stenes Knutby-referanse
Les også
Varsling i misjonen