ÅTVARAR: Helge Simonnes meiner mange kristne har ei problematisk forståing av Guds plan med Noreg og andre nasjonar.
Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix
– Mange kristne er eit lett bytte for politisk misbruk av trua
No meiner tidlegare Vårt Land-redaktør Helge Simonnes at kristendommens truverd står på spel.
Den nye boka «Kampen om korset i politikken» vert lansert på Arendalsuka ineste veke. Arbeidet med boka begynte Simonnes etter at Donald Trump vart vald til amerikansk president i 2016.
– Det finst ei form for politisk teologi som er svært problematisk, seier Simonnes.
I 2016 kom han ut med boka «En Gud for de mange» som handla om gudsbilete og kva konsekvensar dette kan få. I den nye boka ser han på politiske følgjer av gudsbiletet.