Hope utfordrar bedehusland

Når lekmannsrørsla i dag grunnar på vegen framover og linjene som skal førast vidare, er det avgjerande at vi finn fram til dei eigentlege ideala desse gamle høvdingane stod for og kjempa for, og ikkje grip for sterkt fatt i dei taktiske vurderingane dei gjorde.

Lekmannsrørsla i bedehusland er i dag på mange måtar ved eit vegskilje, der kursen framover må tenkjast over på nytt. Mange impulsar trengjer seg på, og vi lyt vurdera kva som skal bevarast og kvar må det nytenking til.

Sidan Ludvig Hope var ein av dei mest dominerande høvdingane i den gamle lekmannsrørsla, er det grunn til å sjå nøye på korleis han tenkte, den gongen på 1920-talet. Med utgangspunkt i Hope si kjende bok «Kyrkja og Guds folk», trekkjer eg her fram tre punkt der Hope utfordrar dagens lekmannsrørsle sterkt. (Eg tillet meg å bruka ordet «menigheit» nedanfor, for å tydeleggjera forsamlingstypen.)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva reknar vi som vår menigheit? Hope ser på forsamlingslivet i lekmannsrørsla som kristenfolket sin reelle menigheit. Lekmannsforsamlingane fungerer som forsamlingane vi les om i NT, og her har kristenfolket sin åndelege heim.

Grunnlaget for dette er det Jesus sa: «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.» Det vil sei, seier han: «der denne forsamlinga er, der er den rette leiing, den rette dåp, den rette nattverd, den rette forkynning.» Og ifølgje Hope sjølv, det viktigaste spørsmålet som er drøfta i boka er difor i kva grad det frie kristelege arbeidet er likt forsamlingslivet i urmenigheiten.

Statskyrkja er einmenneskeleg institusjon, og denne typen organisering over menigheitane har ingen bibelsk forankring. Men vi støttar likevel statskyrkja fordi ho har ein viktig funksjon som folkeoppdragar – særleg når ho heile folket med konfirmantopplæringa. Og når ho i tillegg stort sett har gode prestar, ikkje blandar seg inn i det frie lekmannsarbeidet, men let lekpredikantane få bruka talarstolane hennar, så er statskyrkja til velsigning for landet. Slik tenkte Hope.

Om lekmannsrørsla i dag kan gje statskyrkja den same anerkjenninga som Hope gjorde den gongen, er av fleire grunnar utenkjeleg for mange. Johannes Kleppa har hatt på trykk at Hope aldri hadde gått vekk frå frikyrkjetanken om læresituasjonen i skule og kyrkje hadde vore som hos oss i dag. Det er vel eit ope spørsmål kor mange innan bedehusrørsla i dag som deler Hope sitt radikale kyrkjesyn.

Uansett, i praksis er det vel neppe langt frå sanninga at dei fleste ser på Dnk-menigheiten lokalt som sin reelle menigheit, medan bedehusarbeidet er vorte meir smalt og verksemda redusert til eit nivå som ofte ikkje svarar til ein truande sitt åndelege behov.

Når lekmannsrørsla i dag grunnar på vegen framover og linjene som skal førast vidare, er det avgjerande at vi finn fram til dei eigentlege ideala desse gamle høvdingane stod for og kjempa for, og ikkje grip for sterkt fatt i dei taktiske vurderingane dei gjorde. Taktiske vurderingar går ut på tid. Tilhøvet til Dnk er eit slikt taktisk spørsmål.

Når Hope vurderer framtida for lekmannsrørsla og det omfattande forsamlingslivet den dreiv i hans tid, så ser han fleire farar som trugar. Den største faren er framveksten av alle organisasjonane og korleis dei lett kan føra til oppsplitting av Guds folk. Alle organisasjonane konkurrerer om dei same talarstolane og det same folket og vil trekkja ressursane til seg. Over tid kan det føra til at dei lokale kristenflokkane deler seg opp, seier han.

Realiteten på mange bedehus i dag er vel langt på veg blitt slik Hope frykta, sjølv om det framleis er mange unntak. Når vi i dag arbeider med å revitalisera forsamlingslivet på bedehusa, er problematikken rundt organisasjonsgrensene eit forhold som straks kjem på banen. Og framtida for oss ligg i at det heilage samfunnet lokalt på bedehuset må skattast høgare enn organisasjonslojaliteten, om vi skal følgja Hope.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hope var radikal i si kristendomsforståing og uttrykkjer faktisk at heile lekmannsrørsla burde leggjast ned om den ikkje i framtida var i stand til å halda oppgjer med vanekristendom. Frå statskyrkja si side kunne ein ikkje venta den typen forkynning – Dnk var for heile folket, og skulle omfamna «alle». Men lekmannsforkynninga måtte vera radikal og vedvarande kalla til omvending frå religiøsitet, og frå ein kristendom som ikkje var forankra i menneskehjarta si syndserkjenning, men i ytre kristelege vanar.

Vi får ransaka oss sjølve og spørja i kva grad dette perspektivet er framme i bedehusa og forsamlingane våre i dag. Frykta for å støyta nokon er nokså dominerande, forkynninga må vera og verka positivt, folk skal bli inspirerte, og ingen skal kjenna seg «utanfor». Ubehagelege sanningar trekkjer vi kanskje fram innimellom, men den velkjende innpakninga er vel helst i tjukkaste laget.

Kanskje Hope peikar på ein kjerne i ­vekkingskristendomen som bedehusland har gjeve slepp på.