EXIT KRF: Tore Arnegard var eit politisk stjerneskot i KrF på 1990-talet. No er partiet nesten utradert i dalen, og Arnegard er blitt senterpartist.
Karl Almedal
Hallingdølar flyktar frå KrF: – Dei har svikta oss i distrikta
Tidlegare KrF-politikar Tore Arnegard fell ei tåre kvar gong han stemmer Senterpartiet. – «Menneskeverd i sentrum» betyr ikkje noko lenger, meiner han.
I det idylliske, men iskalde vinterlandskapet rundt Ål stasjon i Viken står Tore Arnegard og ser utover bygda si.
Han er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i sin andre periode og er aktiv innan helsepolitikken i kommunen.
Det hadde han ikkje trudd då han som 21-åring blei valt til vararepresentant på Stortinget for KrF i jubelåret 1997.