WALGERMO: Nokre gongar går forfattaren rett frå å seie at bibelteksta kan forståast på ulike måtar, men heilt utan argumentasjon går han vidare som om den han sjølv vel, er den einaste som duger, skriv Rolf Kjøde.
Foto: Agnete Brun / NTB
Hadde forfattarane av Bibelen eit behov for å usynleggjere kvinnene?
Det er høgst legitimt at Alf Kjetil Walgermo løftar dei bibelske kvinnene fram frå skuggane. Men ein del stader tek forfattaren i bruk ein unødig mistankens hermeneutikk.
Det er eit imponerande prosjekt Vårt Land sin tidlegare kulturjournalist har gitt seg i kast med når han vil presentere oss for alle Bibelens kvinner. Med nokre unntak er dei tradisjonelt lett blitt verande i kulissane. Dei fleste av Bibelens handlande personar er menn.
Derfor er det høgst legitimt at nokon løftar dei bibelske kvinnene fram frå skuggane. Boka sitt omfang avslører at det er mange fleire av dei enn vi som bibellesarar ofte tenker på.
Kjem til sin rett