Fleire tankar ved nyttår

Denne store verda er det mange utfordringar, både for kristne og andre. Som kristen vil eg prøva å tenkja kristeleg om dette. Verda er faktisk stor, sjølv om kommunikasjonane gjer det lett å fara frå land til land.

I verda er det mange utfordringar og oppgåver som ventar. Og eg vonar me kristne kan prioritera rett. Me rekk ikkje over alt og alle. Både stat og ulike organisasjonar må velja ut noko og velja bort noko anna. Det er berre slik. Både krefter og resursar set grenser.

Ei kristen oppgåve er alt som kjem inn under omgrepet diakoni. Og det er ikkje berre yrkesgruppa diakonar som kan gjera noko her. Me møter alle nokon som treng ei hand eller eit råd eller ein hundrelapp. Ved det siste må ein nok vurdera kven som spør. I min ungdom var eg soldat og offiser ei kort stund i Frelsesarmeen. Då sa dei tydeleg til oss når me gjekk ut på gata i Oslo: Ikkje gi ein som er full noko pengar. Han berre drikk det opp. Sei heller: Lat oss gå på kafe så skal eg kjøpa mat til deg. Det var rett diakoni slik eg ser det. Eller: Eg spurde ein eldre mann i rullestor på kjøpesenter: Skal eg henta nokotil deg? Ja takk svara han og smilte. Den diakonien kan me alle ta del i. Skal me bli meir di akonar i det nye året?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom året får me mange spørsmål og innbetalingskort i posten og på nettet om støtte til den og den. Ein eldre nyfrelst mann spurde meg ein gong om det>: Eg får så mange blankettar, og eg kan ikkje gi til alle.Kva skal eg gjera? Då måtte eg svara (andre ville kanskje svara annleis): Som kristen prøver eg å velja kristent arbeid og det som ligg meg nærast. Eg synest det må vera naturleg.

Men tanken må gå lenger. Det er serlege tider med store naturkatastrofer og krig o.a. Då tenkjer me ikkje på om det er kristeleg arbeid. Då rekk me ut vår vesle hand til dei langt bort så vel som nær. Her er born som treng alt, gamle må ha ei hand og dei som flyktar frå krig og vondskap treng også mykje. Heller ikkje her kan me berga alle. Men eg har prøvd å ikkje tenkja politisk om det. For hjelpa er upolitisk, slik eg ser det. Den må gå på tvers av alle grenser når det er nødstider.

Slik kan tanken gå vidare - til mange slags situasjonar heime og ute. Eg vil berre avslutta tankane her med dette: I alt me gjer vil me vera kristne og handla etter det. Her ligg og at sjølve misjonsarbeidet ligg øverst i bunka.


Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook