Ein konservativ kristen

Dette uttrykket har komt fram i debatten i avisene i det siste. Kva er ein konservativ kristen?

Det er det motsatte av å vere ein liberal kristen. Ein konservativ kristen trur på heile bibelen som Guds inspirerte ord, mens ein liberal trur berre på deler av den. På tvers av alle kyrkjesamfunn står striden om dette i dag. Ein må velje kva side ein vil stå på.

Det er trist at nyare undersøkingar viser at under halvparten av menneska i Noreg trur at der er ein Gud som har skapt himmel, jorda og alt som finst i den. Utviklingslæra har fått overtaket sjølv om den ikkje er bevist og at også det er ei form for tru. Ein har leita etter «The missing link» i snart to hundre år og vil aldri finne den. Gud skapte mennesket til mann og kvinne i sit eige bilete.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For ikkje lenge sidan vart femhundreårs-jubileet for reformasjonen feira. Martin Luther hengte dei 96 tesene på kyrkjedøra i Wittenberg. Etter at han hadde vorte munk, så leste han heile bibelen og oppdaga at menneska ikkje vert frelst ved gode gjerningar eller ved å betale avlat, men ved tru på Jesus Kristus. Luther vart då lyst i bann av Den katolske kyrkja. Han var konservativ og trudde på bibelen som Guds sanne ord. Luther vart kjent for uttrykket «skrifta eleine». Han meinte at tru, liv og lære måtte innrettast etter Guds skivne ord.

Desverre gikk Luther hardt ut mot jødane på slutten av sitt liv. Adolf Hitler nytta nokre av Luther sine skrifter i sin kamp for å utrydde jødane. Antisemitisme har prega kyrkjene gjennom alle tider.

Det er trist å sjå at store deler av Den lutherske kyrkja har vorte liberal og fornektar viktige ting i bibelen. Dei står på Israels fiendar si side i staden for å støtte Guds eigendomsfolk Israel. Jødane er ikkje fullkomne og gjer mange feil, men gjennom heile skrifta ser vi at dei er utvalde av Herren, og at han ikkje har forkasta dei for alltid. At dei no har fått att landet sitt er ei oppfyljing av profetiane i Det gamle testamentet. At bibelen ikkje lenger er avgjerande gjer at kyrkja tillet synda å råde, og det som for Gud er avskyeleg vert velsigna. Også frikyrkjer er på gli på dette området. Dei ser bort frå det som Jesus ba i sin Yppeprestelege bøn: «Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.» Har ein vorte klokare enn Jesus? Når Jesus trudde på heile Det gamle testamentet, kvifor er det så mange prestar og andre som ikkje gjer det?

Konservative kristne er under sterkt press i desse dagar. Om ein hevdar at noko er synd som bibelen seier er synd, så vert ein rekna som dømande. Nye lover er på trappene i Stortinget. Lova om hart kriminalitet kan føre til fengselsstraff for dei som seier at det er berre to kjønn, og at mor, far og barn modellen er den rette. Det er ille at foreninga FRI har fått politikarane, presteskapet og heile samfunnet i kne. Mange er imot det dei står for ved å føre menneska inn i perverse forhold, men ein vel å teie stilt for å unngå å verte mobba.

Vi går inn i ei tid som bibelen kallar «Lovlausheitas tid.» Alt skal vere tillatt og ingen ting skal kallast synd eller vere gale. Bibelen advarar sterkt mot dette og som kristne er vi kalla til å avdvare dei ugudelege, og å vere lys og salt i samfunnet som er i ferd med å gå i oppløysing. Dette skulle vere kyrkja og oss kristne si opp gåve og rolle.

Evangeliet er dei gode nyheitene om at Gud elskar oss og gav sonen sin for våre synder. Om vi vender oss til han og trur på ordet hans, så vert vi frelst og får del i det evige livet. Dette evangeliet har vi hatt i Noreg i tusen år. Våre forfedre vende seg frå den norrøne trua, og vi vart eit fredeleg og godt land å bu i. Kristentrua har vore den største velsigninga for landet vårt. La oss difor ikkje vende oss bort, men vende oss tilbake til Guds ord som er vårt arvegods.

Jesus seier om vi vert verande i hans ord så skal vi kjenne sanninga og sanninga skal gjere oss frie. La oss verte konservative kristne som tek Guds ord på alvor. Liberal kristendom er ingen ting verd.

Les også
Eit trist eksempel på konsekvensane av eit ullent kompromiss frå biskopane
Les også
Feigt og uetisk
Les også
Me treng KrF!