«Kjell Ingolf Ropstad (bildet) blir kritisert for at han er for kristeleg», skriver artikkelforfatteren.

Me treng KrF!

Eg har heile mitt vaksne liv stemt på KrF. Kva med framtida? Nyttar det?

For enkelte er KrF for konservativt og det tenner ikkje nok!

For andre er KrF for lite konservativt, for lite kristeleg. Og dermed blir nye små parti danna med sine interesser og KrF får ikkje gjennomslagskraft nok når dei store verdisakene skal stemmast over.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tenk om me kunne stått saman! Hatt så stor stortingsgruppe at KrF kunne gjera ein forskjell!

Om kvar av oss skal trekkja oss ut eller danna eiga gruppe dersom me ikkje får alt med som me vil, ja, då blir det liten slagkraft igjen. Me kan ha sterke meiningar og store ønske, men oppnår ikkje noko dersom me blir for fåe.

Kva skal eit kristent parti gjera på Stortinget? Jau, framheva dei kristne verdiane som me har frå Bibelen og som enno er med i Grunnlova.

Der er mange krefter som arbeider for å få vekk dei kristne verdiane både frå samfunnet og frå Grunnlova.

Kva vil eg med dette?

Eg har ei bøn til deg som vil verna kristne verdiar i folket vårt: Stem KrF!

Kjell Ingolf Ropstad blir kritisert for at han er for kristeleg. Også tidlegare KrF veljarar ber fram den kritikken.

Mi takk til Ropstad er at han ikkje berre vil verna dei humanistiske verdiane som alle dei politiske parti vil ta vare på, men at han og ynskjer å ta vare på meir spesifikke kristne verdiar som vern om det ufødde livet, eigenverdien til kvart einaste menneske, og eit varmt samfunn med plass for alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så difor: Stem KrF! Lat dette partiet veksa seg stort nok til å få slagkraft for dei verdiane som blir skvisa ut av samfunnet vårt!

Det er vårt ansvar at KrF fortsett skal vera eit parti me kan rekna med!