LIV: Det såg ut til at det hadde blitt viktigare for biskopane å få fram noko felles enn å faktisk seia noko substansielt om retten til liv og om den sjansen vi som kristne har til å formidla eit klart og tydeleg ja til vern av kvart foster som vert unnfanga, skriv Sofie Braut. På biletet ser vi Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug, tidlegare preses Helga Haugland Byfuglien og fungerande preses Atle Sommerfeldt.

Eit trist eksempel på konsekvensane av eit ullent kompromiss frå biskopane

Som debatten mellom Vebjørn Selbekk og biskop Halvor Nordhaug viser, har fellesuttalen frå biskopene sådd tvil om kyrkja si rolle som forsvarar av det ufødde liv.

Dagen har i seinare tid drøfta haldningar til abort blant kristenfolket. I denne samanheng har mellom andre Vebjørn Selbekk kommentert at det rundt eitt år gamle «abortdokumentet» som eit samla bispekollegium stilte seg bak, vitna om ei ny linje hos biskopane i det viktige spørsmålet knytt til vern av det ufødde liv.

Som svar på dette, les vi i Dagen at bjørgvinbiskop Halvor Nordhaug kjenner seg misforstått. Han meiner Selbekk driv med «feilinformasjon».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For mange av oss var biskopane sin felles uttale om abort i 2019 eit svært trist dokument. Uttalen verka som vestrehandsarbeid og hadde eit knapt og overflatisk preg, spesielt med tanke på den ufatteleg viktige saka det omhandla.

Det såg ut til at det hadde blitt viktigare for biskopane å få fram noko felles enn å faktisk seia noko substansielt om retten til liv, og om den sjansen vi som kristne har til å formidla eit klart og tydeleg ja til vern av kvart foster som vert unnfanga.

I ei tid som vår bør vi kjenna kallet til å løfta stemma vår for desse minste barna i samfunnet. Vi veit jo at det er meiningslaust å gradera menneskeverd ut frå kroppsstorleik og livslengde. Livet er ei gåve frå Gud.

Nokon skal ha det til at dette er eit lettvint svart/kvitt-konservativt synspunkt. Vel. Å kjempa for dei ufødde har aldri vore ein lettvinn veg, det er berre å sveipa over det partipolitiske landskapet om ein treng bevis.

Om biskopar kjenner seg feilsiterte og misforståtte, er det leit. Det er ikkje lett for oss andre å vita at dei eigentleg meiner noko anna enn vi les i uttalen. Gjennom vage formuleringar knytt til abort, må det vera lov å seia at dei først og fremst sjølv lagt grunnen for misforståingar, ved å vektlegga biskoppeleg einskap meir enn tydeleg tale.

I innlegget sitt presiserer Nordhaug til dømes at «legal» abort ikkje tyder «sjølvbestemt» abort. Eg skjønar at dette kan vera eit viktig moment, men for svært mange av oss er det likevel heilt på sida av det som verkeleg brenn. For å vera konkret: Finst det biskopar som er villige til å gjera seg upopulære (om det trengst) for å forsvara fosterets rett til liv?

At det i bispekollegiet er ulike syn på abortlova vart tydeleg like etter at dokumentet kom ut. Fleire biskopar var ute med svært klar støtte til dagens abortlov (til dømes Finnset og Veiteberg), mens andre måtte forklara at dei eigentleg var kritiske til same lova (til dømes Nordhaug og Reinertsen).

Men nettopp fordi biskopane faktisk ser så ulikt på saka, undrar det meg endå meir at dei laga ein felles uttale. Bidreg ikkje eit slikt dokument berre til å tilsløra viktige forskjellar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dokumentet har, slik ulike presiseringar og oppfølgingsinnlegg viser, forvanska samtalen i ettertid, fordi biskopane for det meste truleg eigentleg meiner noko anna enn dokumentet uttrykkjer.

Som også denne siste debatten mellom Selbekk og Nordhaug viser, har fellesuttalen sådd tvil om kyrkja si rolle som forsvarar av det ufødde liv, gjort biskopane sin posisjon i saka meir uforståeleg, og står som nok eit trist eksempel på at ulne kompromissformuleringar, kor godt dei måtte vera meinte, kan ha ein høg pris.

Les også
Uhellig geistlig allianse
Les også
Vebjørn Selbekk tar feil om biskopene og abortloven