BIBELUNDERVISNING: Bibelutleggelse og ungdomsarbeid er to viktige på Berøa Langåker der Jostein Høyvik, Ottar Brekkå og Karl Brekkå er blant lederne.
Tore Hjalmar Sævik
Ei øy prega av mange vekkingar
Mange bølgjer med kristen vekking og mange markante lokale kristenleiarar har sett eit spesielt preg på kristenlivet på Karmøy.
– Det er eit stort pluss på Karmøy at kristne har kunna stå skulder ved skulder, seier Johan Halsne.
Han arbeider som krinsleiar på Sunnmøre for Indremisjonsforbundet, men kjem frå Rogaland. Sidan starten av 1980-talet har han halde kontakt med kristne på Karmøy.
– Eg opplever at det er eit lynne som er til å kjenne igjen langs kysten, enten ein er på Flekkerøy på Sørlandet, på Sunnmøre eller på Karmøy. Menneske er opne for å vise kjensler og har ein direkte omgangstone med blanding av humor og alvor, reflekterer Halsne.