«Til alle tider har det eksistert politikarar som har vore villege til å krysse etiske grenser for å nå måla sine. Det nye med Trump var at det vart akseptabelt å lyge», skriv Kari Fure. Foto: Brynn Anderson / AP / NTB

Ei barneboklekse om demokrati

Det nye med Trump var at det vart akseptabelt å lyge.

Sjølve grunnforteljinga i vår kristne kultur, handlar om paradiset som gjekk tapt, fordi løgna kom inn, forkledd som ein slange.

«Har Gud verkeleg sagt?» kviskra slangen og sådde tvil om Guds gode vilje for mennesket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slik spelte han opp til fallet; eit svik motivert av kjapp vinning, som resulterte i det ultimate tapet: Mennesket vart forvist frå hagen og skilt frå Gud Fader. Sidan har mennesket lengta heim.

Den britiske forskaren og apologeten C. S. Lewis er ein av mange, store forfattarar som har skrive verdslitteratur om konsekvensane om løgna og sviket. Blant anna er dette tema i den sjuande boka i Narniaserien, «Den siste striden» («The Last Battle»).

I boka ser apen Listig ein sjanse til å auke sin eigen rikdom. Det vil seie å karre til seg meir bananer, appelsiner og nøtter, som han aldri får nok av.

Det byrjar tilsynelatande uskuldig, då apen snublar over eit gammalt løveskinn. Han overtaler venen sin, eit esel, til å ta på seg skinnet og late som han er Aslan, den Messias-liknande løven i Narniabøkene.

«Ei lita løgn, fortald av ein svindlar som er villeg til å lure vener og naboar for sjølv å få nokre små gleder, fører til ei anna løgn, og så til ei til, heilt til det endar med å løyse opp banda som held oss saman», skriv Bob Smietana i ein kommentar til «Den siste striden».

Smietana er redaktør i Religion News Service (RNS), ei uavhengig, internasjonal nyheitsteneste med religion som spesialfelt, som Dagen abonnerer på.

Ved å spreie falske nyheiter om at Aslan har kome tilbake, manipulerer apen Listig folket i Narnia inn på vegen som fører til undergang. Innbyggjarane sluttar å stole på kvarandre, og det gode, frie landet blir invadert av fiendar.

«Bodskapen til Lewis er at det tek år å bygge tillit, men at det er lett å rive ned. Alt vi seier og alt vi gjer, har konsekvensar», skriv RNS-redaktøren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han meiner at dagens USA har lekser å lære frå «Den siste striden», som fekk Carnegie-prisen for beste britiske barnebok i 1957. Ikkje minst viser boka kor viktig det er å vere heil i si ferd og sann i små ting, så vel som i store.

Det er som eit ekko frå talen til påtroppande president Joe Biden onsdag kveld, etter at mobben hadde storma Kongressen:

«Orda til ein president betyr noko, uansett kor god eller dårleg presidenten er», sa Biden.

Mange har sagt at ein ikkje skulle høyre på alt president Donald Trump sa, men heller sjå kva han gjorde. Det er feil. Det betyr noko når ein president lyg.

No kom ikkje løgna inn i politikken med Donald Trump. Til alle tider har det eksistert politikarar som har vore villege til å krysse etiske grenser for å nå måla sine. Det nye med Trump var at det vart akseptabelt å lyge.

Ein snakkar om ein post truth era eller eit postfaktuelt samfunn, der offentleg debatt er fråkobla fakta, og der argumenta handlar meir om kjensler og kva versjon ein vel å slutte seg til, enn å søkje sanning.

Heller ikkje splittinga i det amerikanske folket kom med Trump. Amerikanarane har vore splitta langs økonomiske, politiske og kulturelle skilleliner i lange tider. Men Trump fyrte opp under splittinga, ved sjølv å fortelje løgner og ved å stemple andre som løgnarar.

Slik vaks mistilliten mellom folk. Og slik skapte han eit fundament han kunne plassere den endelege løgna på, nemleg konspirasjonsteorien om at valet var rigga og stole, trass i at rettssak etter rettssak konkluderte med det motsette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Onsdag let han til slutt den trufaste visepresidenten Mike Pence i stikken ved å seie at han rekna med at Pence «gjorde det rette i kveld».

Slik bløffa han tilhengjarane til å tru at Pence hadde makt til å la vere å stadfeste valsigeren til Joe Biden, trass i at visepresidenten i denne situasjonen berre hadde ei seremoniell rolle.

Trump forsterka deretter sviket ved å seie, mot betre vitande, at Pence ikkje hadde mot nok.

Oppildna av løgnene, kledde i Trup-caps og -luer, storma mobben Kongressen, medan ei rysta verd følgde med på direkten.

Så må vi håpe at det ikkje er løgna som sigrar. Til no har dei amerikanske, demokratiske institusjonane vist seg sterkare enn galskapen. Kongressen trassa opprøret.

Berre timar etter at dei måtte evakuere, kom dei saman att og fekk Joe Biden formelt godkjend som neste president. Biden får likevel ei blytung oppgåve med å gjenreise demokratiet, anstendigheita, æra, respekten og rettstryggleiken, slik han seier at han vil gjere.

For det er vanskeleg, ja, nesten umuleg å byggje eit godt samfunn, der menneske ikkje stolar på kvarandre. Det er difor det er så viktig å bygge tillit på alle nivå.

Frå ungane som må lære å vere heile og sanne frå dei er små, til folkevalde som må vise seg tilliten verdig. Det er difor det er så viktig med opne prosessar, antikorrupsjonsarbeid og ei fri og uavhengig presse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tillit og sanning er føresetnader for eit fungerande demokrati. Løgna, i sine mange former, vil aldri vere noko anna enn øydeleggande. Slik var det i Edens hage, og slik er det framleis.

Les også
Biden-kampanjen holdt bønnemøte under kongress-stormingen
Les også
Fordøming og forbøn