GENERASJONAR: Bedehuset skal vere for både store og små. Ei jente ser på mobil medan faren og ein arbeidskamerat jobbar dugnad.
Tore Hjalmar Sævik
Byggjeboom i bedehusland
Éin bedehusflokk på Karmøy ventar på å klippe snora.
Fire kilometer unna ventar ein annan på å stikke spaden i jorda.
Store gipsplater kjem subbande på fire bein over spongolvet. Dei skal bli himling i hovudsalen i det nye bedehuset i Sævelandsvik. To og to mann bukserer platene på plass. Stemmene er lystige og stemninga god.
Skramling av aluminium kuttar gjennom dei mjuke lydane. Eit stillas må justerast før ein kan gi seg i kast med kveldens arbeid.
– Det har vore meir enn menneskehand med i dette, seier Ronny Tangen.