BOKELSKAR: Tarald Ueland har levd mellom bokhyller store deler av livet. Her kikar han på kristenlivsavdelinga hos Bergen offentlige bibliotek.

Bokhandlaren i Bergen

Eit varmt møte med ei kvinne som var på jakt etter ein bibel, minna Tarald Ueland om kor viktig det er at det finst kristne bokhandlar.

Med over 40 års fartstid i bokhandel og forlag er Ueland ein av nestorane i den kristne bokbransjen. No har han nettopp runda 70 år, men står i bresjen for å få tilbake ein kristen bokhandel i Bergen sentrum.

– Det er eit veldig stort engasjement for å få dette til, seier Ueland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristent fellesprosjekt

Pensjonisten synest det er inspirerande å merke den positive haldninga til prosjektet, heilt frå bispedømekontoret til menneske som er aktive i forskjellige forsamlingar i byen. Stiftingsmøtet skal vere 31. august. Siktemålet er å få så mange aksjonærar som råd, slik at bokhandelen blir eit breitt kristent fellesprosjekt.

– Prestar fortel at det er ein vanskeleg og trist situasjon når dei ikkje har ein stad dei kan tilrå til dømes dåpsforeldre å gå for å finne litteratur for trusopplæringa, seier Ueland.

Vindauge til verda

Bondesonen frå Jæren hadde eigentleg planar om å ha same yrket som faren. Men i 1973 fekk han spørsmål frå dåverande forlagssjef Gunnar Prestegård i Luther forlag om å jobbe ved avdelingskontoret i Bergen. Sidan har Ueland vorte verande i både byen og bransjen.

– Eg begynte tidleg å lese. Dette var før fjernsynet kom, og medan radioen var i den spede begynnelsen, så det var ikkje så mange andre vindauge ut i verda enn bøkene, seier Ueland.

Som ungdomsarbeidar i Rogaland Indremisjon opplevde han at kristen litteratur ikkje berre gav han sjølv mykje, men også var viktig for andre.

Rekordsal

Marknaden har endra seg mykje i løpet av dei fire tiåra som er gått sidan han begynte å selje kristne bøker. Den gongen vart kristne oppbyggjingsbøker gjerne trykte i førsteopplag på 3.000 som relativt raskt vart selde ut.

– Den tida har vi ikkje i dag, konstaterer Ueland.

Sjølv om det i dag er mogeleg å formidle kristen forkynning gjennom fleire kanalar, som tv, radio og internett, er han overtydd om at det har ein særeigen verdi å formidle den kristne bodskapen mellom to permar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som forlagssjef i Sambåndet forlag gav han ut ei rekkje bøker av lyrikaren Haldis Reigstad. Til saman har ho selt rundt 80.000 eksemplar, som er heilt i noregstoppen.

Bibelbehov

I tida som bokhandlar møtte han mange menneske i mange forskjellige situasjonar.

– Ei oppleving eg aldri gløymer, var ein gong ved lunsjtida då det kom inn ei dame, som tydeleg var ein fin personlegdom. Ho fortalte at ho skulle hatt ein bibel. Den ho hadde, var så tung å lese, fordi det var gotisk skrift, seier Ueland.

Vidare kom det fram at kvinna hadde brukt å lese i bibelen til sonen, men han hadde henta denne frå barndomsheimen fordi han trengde Bibelen sjølv.

– Vi fekk ein god samtale som var verdifull, seier Ueland.

Raus med kaffi

Ein grunntanke med den nye bokhandelen er at det skal vere basert på frivillig innsats, etter mønster frå dei mange gjenbruksbutikkane, berre med ein dagleg leiar i full stilling.

– Vi vil også vere rause med kaffi for å skape eit miljø i bokhandelen, seier Ueland.

Allereie har Ueland fått respons frå pensjonerte prestar, lærarar og andre som er interesserte i å bidra. Sjølv veit han ikkje kva engasjement han vil ha utover å få bokhandelen på beina saman med kompanjong og tidlegare Dagen-redaktør Johannes Kleppa, sidan han også er engasjert i andre ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men enkelt sagt trur eg på Gud, og eg trur på den kristne boka. Og eg trur ho har ei framtid mellom to permar, seier han.

Les også
Bibelen blomstrer i samtidslitteraturen
Les også
Overraskende vri i vielse
Les også
Svinger mot venstre i vestValgkamp
Les også
Arven etter Nagasaki