Illustrasjonsbilde: Yayimages

Abortsaka - kvar står vi?

Det er eit lågt estimat at i tida frå 1. januar 1976, til idag, har minst ein halv million born vorte aborterte i vårt lille land. Norske sjukehus har, i denne tida, teke livet av meir enn 500 000 foster i mors liv.

Frå 1. januar 1976 har norske sjukehus praktisert å bryta av svangerskap ved provosert abort, når det var gyldige sosiale årsaker for at kvinna kunne få utført dette. Ei nemnd av to legar tok avgjerda saman med kvinna. I 1978 vart denne lova erstatta av lova om abort ved eige val fram til tolvte veke i svangerskapet, men framleis ved nemnd av to legar etter den grensa.

Det er eit lågt estimat at i tida frå 1. januar 1976, til idag, har minst ein halv million born vorte aborterte i vårt lille land. Norske sjukehus har, i denne tida, teke livet av meir enn 500 000 foster i mors liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kor mange born desse ville ha fått, fram til idag, veit vi ikkje, men ein stad mellom 800 000 og 1000 000 fleire etniske nordmenn ville vi ha hatt idag om regime for abort frå før 1. januar 1976 hadde blitt ført vidare fram til idag.

Brorparten av dei politiske partia har ansvar for at tilsette ved sjukehusa vert involverte i drap, at verksemda både lækjer og drep, at institusjonane er både sjukehus og slakthus, Bethesda og Gehenna.

500 000 foster som ville ha levd opp, er kasta på søppelhaugen eller i forbrenningsanlegget for avfall. Dette er gjort på grunnlag av vedtak i Stortinget.

Det er ikkje lett å kjenna respekt for politikarar som har losa dette gjennom i politiske organ, argumentert og fått gjennomslag for dette.

Eg kan ikkje fatta at det norske folket verkeleg ønskjer å ta livet av sine eigne!

Er vi ikkje alle glade i våre eigne, set vi ikkje stor pris på dei?

Dersom nokon trur at det å ta livet av fosteret i mors liv i stor stil, slik som nå, er naturleg og har framtida for seg, tek feil! Alle tilfella av abort på grunn av naud eller valdtekt, ville ha vore mogleg ved regime for abort før 1. januar 1976.

Denne grusomme, moderne, praksisen er både urett og naturstridig. Den høyrer ikkje med rette heime i menneskeleg eksistens.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vår nasjonale forståing av kva som er rett, kva som er godt, og kva som er verdfullt, har fått ein skade. Ideen om abort etter mors eige val er i seg sjølv ein inhuman måte å tenkja på Mor og far ynskjer begge å leva livet, det er og samlivet mellom dei, som har ført til graviditet, eit uttrykk for!

Gud har skapt oss og gitt oss denne trongen til samliv og avkom. Abort etter eige val er mot Skaparen si ordning for livet, avkom etter dei to sitt eige val er etter Skaparen si ordning for livet.

Gud har sjølv sett menneskeverdet til “lite lågare enn Gud” Salme 8, 4 - 10.

Det Gud har sett ein slik verdi på, det skal me ta vare på. Det kan synast som at me er i ferd med å få ein skada legestand, ikkje minst ser vi dette i den siste fasen av livet.

Mange vert sløva i sin respekt for livet, som ei følgje av at dei lever over lang tid med ansvar for og befatning med ei slik ugjerning som abort er.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Les også
Når vi tar livet i egne hender
Les også
En jordmor alene i stormen
Les også
Nyskapende remiks av Østbys lovsanger