Ingunn Marie Ruud, KPK
Vonar fleire rektorar vil tillata kristne skulelag
Laget vonar eit nytt brev frå Kunnskapsdepartementet og LNU vil gjera det enklare for rektorar å seie ja til skulelag på skulen.
Kunnskapsdepartementet (KD) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har signert eit brev til alle kommunane og fylkeskommunane i landet,d der dei vert oppfordra til å låna og leiga ut rom til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, både i og utanfor skuletida.
– Politiske signal er viktig. Dette er ei tydeleg oppfordring frå Kunnskapsdepartementet som skuleleiarane må ta inn over seg, seier generalsekretær i Laget, Karl-Johan Kjøde, til Kristeleg Pressekontor.
Ei høyring i Stortinget i mai i år viste at barne- og ungdomsorganisasjonar møter ulike utfordringar når dei ynskjer å bruka lokalane til skulen, blant anna økonomi, tidspunkt og føremålet til organisasjonane. Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget) er ein av dei som har møtt stengte dører.