FORENKLA OPPSKRIFT: – Misjonen vår er å forenkle og gjere gravferda litt lettare for dei pårørande, seier dagleg leiar i Verd begravelse Henrik Tveter.
Nicolai Bauer
Vil tilby billigare ferd mot grava
– Det er uetisk å ha så stor forteneste på å gravlegge folk, meiner nykomarane i Verd gravferdsbyrå. No vil dei utfordre det dei meiner er ein dårleg driven bransje.
– Då vi begynte å sjå på korleis gravferdsbransjen var bygd opp, synest vi det var uetisk kor stor margin dei la på prisen. Vi starta derfor å sjå på kva slags steinar vi måtte sette saman for å bygge opp eit godt tilbod. Då fann vi ut at vi kunne gi kunden 20-30 prosent lågare pris enn dei etablerte byråa, seier gründer Martin Schütt i inkubatoren og investeringsselskapet Askeladden.
Selskapet står mellom anna bak frisørkjeda Cutters, som tidlegare har hausta kritikk frå sin eigen bransjeorganisasjon fordi dei ikkje tilbyr hårvask i frisørsalongane sine. No ønskjer gründerane i Askeladden å revolusjonere gravferdsbransjen som dei i nettavisa E24 skildrar som «ein rev i ein hønsegard».
Gravferdslova