For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

– Ventar på UD-råd om Kenya

Afrikaklassen ved Borgund folkehøgskule håpar at dei kan utsetje turen til Kenya og Sudan. Utan eit offisielt reiseråd frå UD kan dei tape billettpengane.

Publisert Sist oppdatert

Ni elevar og to lærarar ved folkehøgskulen i Ålesund skulle etter planen reise torsdag morgon rett frå juleferien til eit tre veker langt opphald i Afrika.

– Den 3. januar, då vi skulle kome til Nairobi, er det varsla ein stor demonstrasjon i byen i protest mot valresultatet. Og ein er redd for at situasjonen skal eksplodere og verte endå verre enn han er, seier rektor Willy Mangersnes.

Klassen har eit opplegg med organisasjonen MYSA i Mathareslummen i hovudstaden. Deretter skulle dei mellom anna på safari før dei drog til fredslandsbyen Kuron i nabolandet Sudan. Elevane ved folkehøgskulen har i snart tre år samla inn pengar til denne byen i samarbeid med Strømmestiftelsen.

Ambassaden i Kenya og norsk UD meiner det er utrygt å reise til Kenya og særleg det å reise internt i landet.

– Det er forferdeleg trist dersom det ikkje vert noko afrikareise. Då går elevane glipp av den gode opplevinga som ligg bak målsetjinga vår om å vere ein reiseskule. Men dersom det ikkje vert noko no, håpar vi at det ordnar seg med økonomien slik at det er råd å ta ein tur litt seinare.

Rektor fortel at fleire personar dei har vore kontakt med i UD reint personleg frårår på det sterkaste å reise til Kenya no. Men Noreg har i motsetnad til fleire andre land ikkje kome med noko offisielt reiseråd enno. Dermed er det vanskeleg å endre billettane utan å tape pengane.

– Vi veit ikkje om vi får refundert pengane av flyselskapet. Hadde UD gått ut med eit klart råd, hadde det skjedd automatisk. KLM sit og ventar før dei vil gje klarsignal om dei går med på å flytte bilettane. Elles må den enkelte elev søkje det selskapet han har reiseforsikring i.

– Det er ein kinkig og keisam situasjon for oss, men vi må først og fremst tenkje tryggleik for elevane. Og eg kan ikkje stå ansvarleg for å sende dei ned utan eg veit med større visse at det går bra, seier rektor.


Powered by Labrador CMS