IKKJE AVLYSING: Franklin Graham har framleis mål om å halde møte i Storbritannia. Foto: Odd Mehus
Ventar med turné etter utleie-nekt
Evangelist Franklin Graham har utsett møtekampanjen i Storbritannia seinare i år.
Etter mobilisering frå LHBT-grupperingar valde alle åtte arenaene å kansellere kontraktane med den amerikanske forkynnaren.
– Turneen er framleis på radaren vår, forsikrar Graham overfor Premier Christian Media.
Han opplyser at dei må handtere dei kansellerte kontraktane via rettsystemet i Storbritannia.