MÅ VENTA: Tor Magne Nesvik blir ikkje vigsla til biskop i Stavanger med det første.
Carina Johansen / NTB
Utset bispevigslinga i Stavanger
Tor Magne Nesvik blir ikkje vigsla til biskop i september likevel.
Bispevigslinga i Stavanger er utsett til etter 9. oktober, melder Vårt Land.
Grunnen er meldinga frå Slottet onsdag om at det blir hoffsorg fram til 9. oktober.
– Bispevigsling er ei av dei største kyrkjelege hendingane. Derfor meiner me det er rett å utsetta vigslinga til etter perioden med hoffsorg, seier preses Olav Fykse Tveit i ei pressemelding.