TRIVST GODT: Ingrid Annéa og Sebastian sit i elevrådet ved Tryggheim Strand og fortel at dei likar seg godt på skulen.
Tore Hjalmar Sævik
Utfordrar «mytar» om den offentlege skulen
Rektor Brynhild Samuelsen ved den kristne friskulen Tryggheim Strand meiner det ikkje er så opplagt kvifor den offentlege skulen er ein fellesskule.
Nokre hundre meter forbi Tau i Rogaland ligg skulen som i sju år har halde til i brakker og leigde lokale i idrettsanlegget. Til hausten skal dei flytte inn i splitter nye lokale i sentrum.
– Det blir veldig kjekt, seier Ingrid Annéa til Dagen. Ho går i femte klasse og sit i elevrådet.
Elevrådet har mellom anna kome med innspel til korleis det nye uteområdet skal bli. Dessutan er dei engasjerte i misjonsprosjektet dei støttar i Peru.