HØGSESONG: Alkoholkonsumet når store høgder i julebordsesongen. Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) meiner helseperspektivet må få meir å bety i skjenkepolitikken.

Ung byråd provoserer med skjenkepolitikk

Restaurantbransjen i Bergen mobiliserer til kamp fordi helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) vil gjere skjenkepolitikk til eit helsespørsmål. – Eg saknar gode motargument, seier ho

Mykje lys og mindre varme pregar Bergen når november er på hell og julebordsesongen er i full gong. Frå kontoret i 14. etasje i rådhuset har Rebekka Ljosland (25) utsikt over den ofte så fuktige byen mellom dei sju fjell.

Klimaet får ho ikkje gjort stort med, men ho har likevel eit klart mål om at byen må bli tørrare. Noregs yngste byråd gjennom tidene er knapt varm i stolen før ho har gått i front for å endre innretninga på skjenkepolitikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg ønskjer å få inn eit tydelegare helseperspektiv, seier byråden som er utdanna sjukepleiar.

I innstillinga til byrådsmøtet i morgon tek Ljosland til orde for å flytte kontor for skjenkesaker frå byrådsavdeling for kultur, næring, idrett og kyrkja til etat for helse. Næringa fryktar at det vil innebere trongare rammer.

På politipatrulje

Folkehelseinstituttet la i fjor fram tal som viste at 36 prosent føler seg utrygge på byen.

Den siste undersøkinga frå Helsedirektoratet viser at utryggleiken er størst blant kvinner.

Åtte av ti valdstilfelle er rusrelaterte, ifølgje Helsedirektoratet. 80-90 prosent av overstadig rusa menneske får kjøpe alkohol, ifølgje Sirus-tal frå 2012.

Ein av tre daglegvarebutikkar sel alkohol til mindreårige, ifølgje skjenkekontrollen.no.

For Ljosland er desse tala meir enn nok til å slå fast at det trengst grep i skjenkepolitikken. Sjølv om ho understrekar at hovudlinjene truleg vil verte vidareførte når nye retningslinjer skal på plass i juni neste år, håper ho å redusere problema relatert til for stort alkoholinntak.

Allereie denne julebordsesongen ønskjer ho å vere med politiet på patrulje for å sjå korleis dei opplever situasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi veit at mange born gruar seg til denne tida på året på grunn av alkoholmisbruk. Dersom vi som politikarar ikkje skal ta omsyn til skadeverknadene av alkohol, vert det vanskeleg å argumentere for at vi tek dei rette vala, seier Ljosland.

Sterke reaksjonar

I helga varsla bransesjef Wenche Salthella i NHO Hordaland gjennom Bergens Tidende at det vart krisemøte måndag.

– Vi organiserer nesten 100 verksemder innanfor denne bransjen i Bergen, seier Salthella til Dagen i kjølvatnet av møtet.

– Alle var veldig tydelege på at vi må jobbe hardt inn mot politikarar og media for å få stoppa dette forslaget, seier ho. Dei har bede om eit møte med Ljosland og byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) før byrådsmøtet på torsdag.

Bransjesjefen opplyser at reiselivsnæringa i Bergen omset for over 15 milliardar kroner i året og har 15.000 tilsette.

– Det er ei stor og betydeleg næring for turistbyen Bergen som overhovudet ikkje handlar om helsetenester, seier ho.

– Vi er fullt klar over at misbruk av alkohol kan føre til skader. Samstundes er det berre 12 prosent av alkoholforbruket som skjer gjennom skjenkestadene. Resten skjer i den private sfæren. Det er ingen stader det er så trygt og kontrollert å drikke som på skjenkestader, seier ho.

– Ein trygg by

– Korleis kommenterer du at 80-90 prosent av overstadig rusa får kjøpe alkohol?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi har jo ein skjenkekontroll som kommunen styrer. Dersom det er tilfelle av dette skjer, og kommunen vil avdekkje det, har dei fullt høve til å intensivere kontrollane. Dei treng ikkje omorganisere for å gjere det, seier Salthella.

Ho understrekar at bransjen ikkje er imot skjenkekontrollar.

– Våre medlemer ønskjer ikkje fyll og overskjenking på utestadene sine. Det fører berre til mistrivsel for både gjester og tilstette, seier Salthella. Ho påpeikar at ein også kan miste skjenkeløyvet om ein bryt reglane, noko som er alvorleg for verksemdene.

– Kva vil du seie til dei som er utrygge på byen?

– Det vi veit er at Bergen er ein trygg by, seier ho og viser til rapportar frå politiet under eit møte organisert av det førre byrådet.

Ønskjer tryggleik

Rebekka Ljosland er ikkje overtydd av innvendingane.

– Eg saknar gode motargument, seier ho, og spør seg kva bransjen eigentleg fryktar. Byråden viser også til at alkoholpolitikk på nasjonalt plan sorterer under Helse- og omsorgsdepartementet.

– Eg har også fått veldig mykje positiv merksemd frå mange som i dag opplever at dei er utrygge på byen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Bergen er ein god by å vere i, men vi veit at det er valdstilfelle kvar helg. Det skjer også seksuell trakassering og valdtekter, seier byråden.

– Eg ønskjer eit yrande uteliv, ein by i vekst, kulturaktivitetar og så vidare. Men alt dette kjem i andre rekke i høve til tryggleik, seier ho.

Les også
25-åring med milliardbudsjettUngt byråd
Les også
Slik skal Høie roe alkopresset på jobb
Les også
Ikkje lenger vinlotteri hos AvinorAkan-bedrifta Avinor