Tryggleik: Tormod Gilje seier at tryggleik er i førarsetet for Avinor. Då er eit aktivt rusforebyggande arbeid viktig, seier han.

Ikkje lenger vinlotteri hos Avinor

Langvarig alkoholarbeid har ført til auka tal på bekymringsmeldingar hos Avinor. Det ser dei på som positivt.

Ingen konjakk til kaffien, grenser for servering og ingen vinlotteri.

LES: Slik skal Høie roe alkopresset på jobb

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er nokre av dei handfaste resultata av eit langvarig arbeid hos Avinor for å dempe alkoholpresset på jobb.

– Avinor har gjort eit formidabelt arbeid på dette området og klart å skape andre haldningar enn det som er vanleg, seier Olaug Bollestad frå KrF. Ho er medlem av Stortingets helse- og omsorgskomité og vitja Avinor for nokre veker sidan for å høyre meir om satsinga på rusforebygging.

Nulltoleranse

I Avinor har ein arbeidd etter modell frå Akan, ein organisasjon som driv med rusforebygging på arbeidsplassar. Tormod Gilje er Akan-koordinator og leiar for det rusforebyggande arbeidet som vert gjort i Avinor. Han har vore tilsett der sidan før den statleg eigde bedrifta skifta namn frå Luftfartsverket ved tusenårsskiftet. Gilje fortel at det særleg dei seinaste åra har vore stort gjennomslag sentralt.

– Første bud er at du har ein rusmiddel-politikk som er forankra i konsernledelsen. Det må være ein politikk som seier noko om korleis Avinor ønskjer å ha det. Det er ein nøkkel for å kunne ta tak i problema, seier Gilje.

LES: Idrettspresidenten vil ha slutt på tribune-alkohol

Avinor har utarbeidd ei såkalla Akan-håndbok. Den tar for seg alt frå struktur i organisasjonen og praktisk rusmiddelpolitikk til korleis ein skal handtere rusmiddelbruk på arbeidsplassen.

– Den seier for eksempel at vi har nulltoleranse mot rus i arbeidstida. Serverer vi alkohol på arrangement så betaler Avinor ikkje for meir enn tre einheitar. Å gi alkohol som gave er det heilt slutt på.

– De har ikkje vinlotteri lenger. Korleis skjedde det?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er vi i Akan-utvalet som hadde sett på dette ei stund, og etter kvart la vi det fram i arbeidsmiljøutvalet sentralt. Det viser seg at vinlotteri ikkje er så inkluderande som ein trur. Kva om du har folk som har eit rusproblem, og dei så vinn, spør Gilje retorisk.

– Har det vore reaksjonar på dette?

– Vi har hatt det oppe sentralt og blant dei tillitsvalde. Eg har ikkje høyrt noko negativt om dette.

Fleire melder frå

Akan er på vei inn i lederopplæringa i Avinor, noko Gilje har arbeidd lenge for. I tillegg har problemstillinga kome inn i ein stor årleg anonym medarbeidarundersøkelse.

Det langvarige arbeidet har ført til auka merksemd på at alkohol kan vere eit problem for ein del. Det har igjen ført til at fleire sender inn bekymringsmelding, og at ein tidlegare vert oppmerksom når ein tilsett viser adferd som gir grunn til uro.

– Dei siste åra har det auka betrakteleg og vi har vore oppe i 30-40 bekymringsmeldingar i året. Det har gått noko ned no, og det er jo positivt. Men samtidig har vi vore glad for dei høge tala for då tenkjer vi at vi kjem tidleg inn og at sjansen er høgare for at ein kan stoppe ting i tide.

Kan miste jobb

Om ein arbeidar kjem på arbeid og luktar alkohol vert han eller ho sendt heim på ein forsvarleg måte. Så tar ein ein samtale, og ofte skjer det ikkje att.

– Det skjer noko når eg veit at du veit, fortel Gilje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men om personen verkeleg har eit rusproblem vil det mest sannsynleg skje igjen, og ofte innan kort tid. Då vil den tilsette få tilbod om ein Akan-kontrakt som vert utarbeidd i samarbeid med ledelsen.

– Det kan for eksempel være at ein slit med alkoholbruk når ein er på reise. Då kan ein kutte ned på reiser i denne perioden. Kontrakten vert liggande i to år. Er det ein vellukka periode så vert han lagt bort.

KRONIKK: Når jeg hviler i mitt hjerte

Gilje peiker på at ein person som møter rusa på arbeidsplassen, gjennom eit akan-opplegg som vårt, kan få ein sjans til å rydde opp i staden for å risikere å miste arbeidet. Vi hadde nyleg ein avslutningsprat med ein medarbeidar. Denne sa at dersom Avinor ikkje hadde vore Akan-bedrift så ville han eller ho ikkje hatt arbeid i dag. Vi har også døme på at folk har bedt om kontrakt frivillig.

Seks til sju personar har gått på slik kontrakt på det meste. Dei fleste har lukkast, men det har også vore nokre som ikkje har greidd det.

– Det er ikkje uvanleg at endringa først kjem når jobben står i fare. Men det er jo synd om arbeidsgivaren først kjem på bana etter at familien og dei sosiale relasjonane er øydelagde.

Auka medvitskap

Avinor hadde Akan-arbeid på 90-tallet også, men då var det ikkje mange saker, fortel Gilje. I 2007 tok ein på nytt tak i det, og då vart det eit konsernovergripande arbeid og ikkje lenger opp til den enkelte lufthamn. I dag har Avinor rundt 14 Akan-kontakter som har ansvar for dei 46 flyplassene som Avinor eig.

– Vi arbeider mot en vanskeleg statistikk. 30 prosent av eindagsfråvær skuldast rus. Vi har jo eit gjennomsnitt av befolkninga som arbeider hos oss. Vi er ikkje ein avhaldsorganisasjon men det er ikkje tvil om at det er skapt meir medvitskap om alkohol i Avinor, seier Gilje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han fortel om god tilbakemelding frå både leiing og medarbeidarar. Og han roser attende:

– Det er veldig flott at Avinor verdset dette arbeidet og prioriterer det, seier Gilje som sjølv er frikjøpt i 40 prosent av stillinga si til dette arbeidet.

– Vi er ei tryggleiksverksemd og tryggleik er prioritet nummer ein. Så er det kjekt å bidra med noko som er positivt for arbeidsmiljøet også.

Blant politikarar

Olaug Bollestad i KrF er full av begeistring for det Avinor har fått til. Og no spør ho om ikkje den lovgivande forsamlinga burde arbeidd med eigne haldningar og vaner når det gjeld rus.

– Som samfunn har vi no kome dit at alkohol er vorte ein del av alt vi er. Det fører til høgt forbruk og misbruk som igjen kostar samfunnet så vel som enkeltmenneske svært mykje. Dei som slit har heller ingen fristadar etter kvart. Det er ikkje tvil om at denne utfordringen også finst i det politiske miljøet. Tør vi å ta inn Akan i våre samanhengar? Når Avinor kan gå så langt, kvifor kan ikkje vi, spør Bollestad.

Akan-bedrifta Avinor

Avinor har 3.200 tilsette, eig og driv 46 lufthamner i Norge.

Heileigd av Staten.

Driv eit aktivt Akan-arbeid som er innarbeidd i organisasjonens styrande dokument.

Akan er ein organisasjon som arbeider med rusforebygging på arbeidsplassar.

Les også
Idrettspresidenten vil ha slutt på tribune-alkohol
Les også
Arbeiderpartiet sikrer bønn for kommune
Les også
25-åring med milliardbudsjettUngt byråd
Les også
Tar med seg Jesus opp i 1. divisjonKFUM fotball
Les også
Viking-veteran takker for seg med bibelvers