Ulf Ekman fekk helse på paven
Livets Ord-grunnleggjar Ulf Ekman helste denne veka på pave Frans, som snart vert hans øvste åndelege leiar.
På nettforumet Instagram la ekteparet Birgitta og Ulf Ekman ut bilete og kommentarar frå Petersplassen onsdag.
Dei fekk plass på første rad saman med entusiastiske argentinarar, fortel den tidlegare karismatiske svenske pastoren i ein kommentar til eit av bileta. Han gissar at mellom 50.000 og 80.000 menneske var til stades.
I mars kunngjorde han og kona at dei konverterer til Den romersk-katolske kyrkja.