UR: Det må vere lov å skilje seg ut, syng UR, og vi syng gjerne med, skriv Margunn Serigstad Dahle. FOTO: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix
Byline stor
Truverdig trusopplæring
Med Bibelen i den eine handa, spør vi kva som kan bekreftast og kva som må utfordrast i mylderet av forteljingar som Harry Potter, Twilight, Åndenes makt og The Big Bang Theory – og i dei store religionane.
Se for deg en verden der alle er like i. Alle går i samme klær, og ingen er unike. Samme jobb, samme stil, samme hud, samme tro, Hadde det vært no? Å neeei...
Med dette sitatet frå gruppa UR sitt bidrag i mgp-jr-finalen, fekk eg i går rette fokus mot livsverda til barn og unge på siste fellessamlinga på Trusopplæringskonferansen.
«Truverdig kyrkje» var tema, etter at «truverdig bodskap» og «truverdig medarbeidar» hadde vorte belyst i løpet av dagen. Og skal vi vere ei truverdig kyrkje for dei unge, må vi ta kulturen deira på alvor. Nettopp dette opptek oss i Damaris, som har dobbel lytting – til Bibel og samtid – som utgangspunkt.