Andrea Øien Sæverud
Trur på anden og akademia
På Høyskolen for ledelse og teologi løftar studentane både hendene og dei kritiske spørsmåla.
Termosane og datamaskinene står lina opp på pultane, studentane har akkurat diskutert saman to og to. Så skyt hendene i vêret.
– No trykker de på dei rette knappane her! No set de i gong ei preike med kvart einaste innspel, seier ein begeistra Truls Åkerlund.
Han er førsteamanuensis ved Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) og har nettopp snakka til studentane om misjonsbefalinga i Matteus 28. Linjene blir dregne frå den tyske teologen Dietrich Bonhoffer til den amerikanske pastoren Dallas Willard. Kva er det å vere ein disippel av Gud?