YTRINGSFIRDOM: Fleire i administrasjonen til Donald Trump har åtvara mot innskrenka ytringsfridom i Storbritannia.
Jacquelyn Martin / AP / NTB
Trump sende team for å møte britiske abortmotstandarar
Arrestasjonar etter markeringar ved abortklinikkar i Storbritannia har ført til reaksjonar frå den amerikanske presidenten.
Fem diplomatar frå det amerikanske utanriksdepartementet var fleire dagar i Storbritannia i mars, melder The Telegraph.
Dei møtte fem Ja til livet-aktivistar som har vorte arresterte for stille protestar ved abortklinikkar. Dagen har skrive om fleire av desse sakene, til dømes Livia Tossici-Bolt som i april vart dømd til to års prøvetid og til å betale 289.000 å sakskostnader.
Uro for svekt ytringsfridom i Storbritannia skal vere bakgrunnen for at kvintetten vart sendt for å finne fakta om situasjonen.