TV-PREDIKANT: Donald Trump har fortalt at han vart klar over Paula White-Cain då han såg henne på tv for over 20 år sidan.
Skjermdump frå Youtube
Trump-pastor lovar overnaturlege velsigningar for gåver før påske
Paula White-Cain får kritikk for løfte til dei som gir over tusen dollar.
Den karismatiske predikanten kom i søkelyset igjen i februar. I samband med den nasjonale bønefrukosten annonserte USAs president Donald Trump at ho skulle leie «truskontoret» i Det kvite hus. Dei har kjent kvarandre i over 20 år.
I Trumps førre presidentperiode hadde ho ein tilsvarande posisjon. Då leia ho «Faith and Opportunity»-initiativet. Ho var også leiar for Trumps evangelikale rådgivargruppe under valkampen i 2016.
Video møter motbør