FRIARFERD: Donald Trump tok imot kristne leiarar.

Trump på kristenfiske

Den republikanske presidentkandidaten Donald Trump lova at han står saman med kristne då nesten tusen evangelikale leiarar var inviterte til å møte han i New York tysdag.

Mangemilliardæren erklærte at han har ei sterk tru. I staden for å oppmode til forbøn for alle leiarane i nasjonen, med referanse til Paulus´ ord i 1. Timoteusbrev, oppmoda han til å «be om å få alle ut for å røyste på éin spesifikk person», ifølgje Religion News Service.

LES: Hillary sliter med de kristne velgerne

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trump la ikkje skjul på at denne personen burde vere han sjølv. Med siger til den demokratiske rivalen hans, Hillary Clinton, hevda han nemleg at «det vil bli verre» enn under Barack Obama.

Sikra sigeren

– Vi kan ikkje igjen vere politisk korrekte og seie at vi ber for alle leiarane våre, for alle leiarane dykkar let kristendommen gå i vasken, let evangelikale gå i vasken. Og det er noko veldig, veldig uheldig som skjer, sa Trump. Pressa var ikkje invitert, men deltakarar delte snuttar i sosiale media.

Det republikanske partiet har ein meir verdikonservativ profil enn Det demokratiske partiet. Kvite evangeliske kristne har vore ei viktig republikansk veljargruppe i fleire tiår. Med sine mange kontroversielle utsegner og lite puritanske livsstil har Trump likevel vorte ein omstridd figur.

Fleire profilerte kristenleiarar har distansert seg frå han. Under arrangementet i New York påpeikte Trump at evangeliske kristne har medverka til å sikre han sigeren i nominasjonskampen, også i statar der denne gruppa er tungt representert.

Kristne avgjerande

Tidlegare Arkansas-guverenør og baptistpastor Mike Huckabee har stilt seg bak Trump etter at han måtte gi opp nominasjonskampen. Han meiner arrangementet i New York vil vere eit vendepunkt for at Trump vinn presidentvalet.

Fram mot november vert det avgjerande for Trump å vinne større oppslutnad blant evangeliske kristne. Rundt 62 prosent av kvite evangeliske kristne støttar Trump no, ifølgje ei CBS-måling. Han vil truleg trenge opp mot 80 prosent oppslutnad i denne gruppa. I New York vart han hylla med ståande ovasjonar.

Leiaren for den konservative kristne lobbyorganisasjonen Family Research Council, Tony Perkins, reknar med at den kristne støtta til Trump vil auke fordi folk «ikkje kan akseptere alternativet».

Les også
Britisk 19-åring ville drepe Trump
Les også
Trump vil stanse innvandring fra land med «terrorhistorie»
Les også
Amerikanere diskuterer årsaker til skytemassakrer
Les også
Trump: – Jeg hadde rett om islamistisk terror
Les også
Megakirke-pastor gir støtte til ofre