HISTORISK: Sokneprest Aksel Lygre (t.v.) og komitéleiar Haakon Georg Moe ser fram til feiring av kristenretten på Moster.
Tore Hjalmar Sævik
Tre kristne tv-kanalar samarbeider om sending frå kristningsjubileum
Markeringa av tusen år med kristenrett på Moster blir formidla av Kanal 10, Bedehuskanalen og TVL.
Sendinga går laurdag 1. juni frå kl. 15 og varer i sju timar. Denne går på Kanal 10, og Bedehuskanalen.
TVL er også med på samarbeidet, men sender ikkje direkte. Kristen Media Norge og nettavisa Verdinytt skal bidra med innhald gjennom dagen.
Denne dagen skal kronprins Haakon Magnus vere gjest under den offisielle markeringa av tusenårsjubileet. Og seglskuta Christian Radich skal nå Bømlo etter å ha sigla frå Oslo.