Toppdomstol avviste klage i Naustdal-saka
Menneskerettsdomstolen vil ikkje handsame ei av dei mest omtalte barnevernssakene i norsk historie.
Eit norsk-rumensk ektepar vart utan forvarsel fråtekne dei fem borna sine i november 2015. Først sju månader seinare var familien samla igjen. Dei meiner barnevernet krenka retten til familieliv slik denne er nedfelt i Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen.
Klagen vart i går avvist fordi alle moglege rettsmiddel i heimlandet ikkje er uttømte. Det inneber at dei ikkje har køyrt saka heile vegen i det norske rettssystemet.
– Vi er skuffa over at Menneskerettsdomstolen ikkje ville behandle saka. Men det viktigaste for oss var at vi fekk alle barna våre tilbake i 2016, seier det norsk-rumenske foreldreparet til NRK på telefon frå Romania.