❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer
JOHANNES' OPENBERING: Teolog og forfattar Hans Johan Sagrusten har skrive bok om Johannes' openberring.

Teolog: – Dette er Noregs mest lesne bibelvers

Johannes’ openberring er for mange ei skremmande endetidsbok. Men teolog Hans Johan Sagrusten skildrar henne snarare som eit spegelbilete av vår eiga samtid.

Publisert

I 25 år har teolog, prest og forfattar Hans Johan Sagrusten frå Gudbrandsdalen saumfare Johannes' openberring, ei bok han meiner er i stand til å «dengja likesæla ut av oss, så vi ser verda omkring oss med nye auge».

Boka kan etast, «bit for bit. Ikkje heile om gongen, men i småe stykke som ein gomlar på lenge (...) Heilt til vi kjenner ho svir i magen vår. Fyrst då har ho nådd målet sitt: For Obenberringa vil at det skal svi. Ho vil gjera oss urolege. Ho vil vi skal riste fortvila på hovudet over det vi ser rundt oss. Så vi søkjer hovudpersonen, som er Kristus».

Slik lyder eit fragment av dei innleiande orda i Sagrusten si eiga bok, som ber nokolunde same tittel som den siste i Bibelen: Johannes' openberring - ein samtidsvisjon.

Powered by Labrador CMS