TEK OPPARVEN: Herman Blindheim, Hans Isak Røsvik og Leif Arne Ytterland ønskjer å vidareføre den åndelege og kulturelle profilen til Den Indre Sjømannsmisjon. FOTO: Tore hjalmar Sævik
Tore Hjalmar Sævik
Tenåringar syng ein song for maritim misjon
Dei tre kameratane i foreininga Havlys har vorte fenga av oppdraget til Den Indre Sjømannsmisjon. Det hjelper å trivast saman med sin eigen besteforeldregenerasjon.
Kaffi og kjeks står på menyen når Dagen møter trioen på heimebane. Krinskontoret til Den Indre Sjømannsmisjon ligg berre eit fiskestangkast unna kaikanten på Ålesund hamn. Dei tre likar seg best når det er sjøsprøyt i lufta.
– Alle er vi sjarkfiskarar på deltid, fortel Hans Isak Røsvik (16).
Han utdannar seg til matros. Draumen er å kombinere sjarkdrift med arbeid på Elieser, båten til Indre Sjø som reiser rundt kysten og inviterer til møte om bord.