ÅR 33: F.v. Kristine Costin og Camilla Oseland er to av dei 60 frivillige som står bak årets påskevandring i Ålgård baptistkyrkje.
Helene Reite Uglem
Tek skuleelevar med til år 33: – Vil vise kvifor vi feirar påske
60 frivillige står bak påsketradisjonen i Ålgård baptistkyrkje.
Kvart andre år blir Ålgård baptistkyrkje gjort om til Jerusalem og Galilea.
Veka før palmehelga får nemleg alle tredje- og fjerdeklassingar i Gjesdal kommune bli med tilbake til år 33.
Denne onsdagen er det fjerdeklassingar frå Solås skule som står klare i tidsmaskina.