NAUDHJELP: Representantar for den lutherske kyrkja (FLM) på Madagaskar deler ut matvarer til dei som var råka av syklonen i byen Toamasina. Rasjonane rekk i ti dagar.
FLM
Syklonen reiv heimane deira i fillebitar. No kjem det hjelp frå norske kristne
Ein kraftig syklon tok både liv og heimar i Madagaskar for nokre veker sidan. No får dei råka menneska hjelp frå norsk misjonsorganisasjon.
I midten av februar melde Dagen at ein kraftig syklon – med ein vindstyrke på opptil 70 meter per sekund – råka byen Toamasina i Madagaskar.
Mellom anna vart to misjonsdrivne skular for born med funksjonsnedsetjingar øydelagde som følgje av herjingane.
Minst 31 menneske miste livet, og tusenvis vart heimlause i det sekundet syklonen feia over Madagaskar sin austkyst. Hus vart blåsne i fillebitar.