FELLESSKAP: Følgjarane av podkasten «Girls Gone Bible» under eit liveshow i Atlanta Symphony Hall i 2025.
Jessie Wardarski / AP / NTB
Svenske Andrea (29) nådde botnen – så fann ho «Girls Gone Bible»
To kristne podkastvertar leia Andrea Rosenlind til tru utan å vite det. No går vitnesbyrdet hennar viralt.
– De blei mine første kristne vener. Takk for alt de har lært meg om Jesus, Bibelen og bønners kraft. Det har forandra livet mitt, seier Andrea Rosenlind.
Den svenske 29-åringen snakkar om den kristne podkast-duoen «Girls Gone Bible». For tre veker sidan besøkte dei bibelskulen hennar.
No går Rosenlinds vitnesbyrd viralt med over ein million visningar på Instagram.