HEIDER: Statuen av avdøde Billy Graham skal representere heimstaten hans, Nord-Carolina.
MARK CROSSE
Statue av Billy Graham vert avduka i den amerikanske kongressbygningen
Verdas mest kjende bibelvers kan snart lesast på ein pidestall på Capitol Hill.
Billy Graham var son av ein mjølkebonde frå Nord-Carolina, men følgde ikkje levevegen til faren. I staden vart han verdas mest kjende evangelist og reiste kloden rundt med møtekampanjar. To gonger var han i Noreg, i 1955 og 1978.
Meir enn 210 millionar menneske høyrde Graham tale i løpet av tiåra han var aktiv, ifølgje ABC News.
Han er også kjend for sin nære kontakt med fleire amerikanske presidentar. Elleve på rad, frå Harry Truman til Barack Obama, møtte Graham medan dei var i embetet.