ØKONOMI: Vasshus gardsbarnehage får økonomisk draghjelp frå foreldre.
Google Street View
Starta innsamlingsaksjon for å redde kristen barnehage
Vasshus gardsbarnehage har hatt trong økonomi over tid, men får no draghjelp frå foreldre.
Vasshus gardsbarnehage hadde dei mest fornøgde foreldra i jærkommunen Klepp i 2024. No er den kristne privatbarnehage i ein «svært anstrengt økonomisk situasjon», skriv Jærbladet.
– Dei har søkt om støtte frå kommunen, men fått avslag. Derfor vil me foreldre stilla opp. Me vil gi litt tilbake. Foreldre er heldige som får ha ungane våre i denne unike barnehagen, som kommunen òg er tent med å ta vare på, seier barnehagemødrene Celine Tjessheim Walde og Ida Elisabeth Høgmo til avisa.
Kristent formål