Podkastvert: Ivo Vatnar Eikje lagar podkasten Hvorfor det?
Susanne Ward Ådlandsvik
Slik skaper Ivo (27) gode samtalar med menneske ho er ueinig med: – Eg har éin regel eg alltid følgjer
I podkasten Hvorfor det? er Ivo Vatnar Eikjes mål å stille spørsmåla ein vanlegvis ikkje tørr spørje. No er podkasten nominert til Tro & Mediers Medierosen.
Berre i juni hadde den 47 000 nedlastingar og 25 000 unike lyttarar.
I augneblinken ligg den på sekstiåttandeplass på Podtoppen. Øvst finn vi, til samanlikning, NRK sin podkast Oppdatert med 313 678 nedlastingar.
Det er prosjektleiaren i den ideelle organisasjonen Menneskeverd, Ingrid Ivo Vatnar Eikje (27), som til vanleg blir kalla Ivo, som er podkastvert.