TRØYSTESALME: Ein av dei mest slitesterke salmane om Guds omsorg vart skriven av Paul Gerhardt. Han opplevde store prøvingar i livet.
Wikimedia Commons
Skjult bodskap i gammal salme
Mystiske kodar har ein appell til oss menneske. Då kan det vere interessant å vite at sånt finst også i salmeboka.
Les du det første ordet i kvar av dei tolv strofene til salmen «Velt alle dine veier», dukkar det opp ei setning. (Vel å merke må du ta med dei to første i den andre strofa.)
Resultatet er: «Velt på Herren din vei og håp på ham, han skal skal det gjør(e)». Den bibelkyndige vil dra kjensel på denne setninga. Ho er henta frå Salme 37,5 i Det gamle testamentet.
Denne måten å dikte på var populær då den tyske presten Paul Gerhardt (1605-1676) skreiv salmen i 1653. Med eit framandord frå gresk heiter forma «akronstikon».