For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

TAKHØGD: Aron (2) får servert ei brunostskive av mamma Torunn Aanesland Strømme i den blå matsalen på Bakken. Familien på fem er vertskap for dei som ønskjer å bade eller overnatte i den tidlegare misjonærheimen.

Skjult badeparadis med misjonsrøter

I ein sveitservilla ved Oslo-fjorden har norske misjonærar på sommarferie kunna nyte sjø og svaberg i over 70 år. No er strandperla Bakken open for alle.

Publisert Sist oppdatert

Du må nesten vite kvar du skal for å tørre å køyre vidare. Den smale vegen som snirklar seg over Malmøya rett utanfor Oslo, er bygd i ei anna tid. Det er også den raude villaen med namnet Bakken, som dukkar opp mellom høge furutre. I 1876 var sveitservillaen ny, bygd som sommarbustad for ein borgarskapsfamilie i hovudstaden. I 1941 kjøpte Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) området for 42.000 kroner.

NLM rakk likevel ikkje å gjere så mykje før tyskarane under andre verdskrigen annekterte eigedommen. Då krigen var over, måtte det til ei kraftig opprydding før misjonærfamiliar kunne byte ut misjonsmark med strandidyll.

– Bakken blei kjøpt inn for å vere ein samlingsstad for misjonærar og familiane deira når dei var heime i Noreg om sommaren. Framleis er det mange gamle misjonærfamiliar som tek turen hit saman med barn og barnebarn, fortel Nina Jakobsen Testa som sit i styret til Bakken.

Powered by Labrador CMS