STØTTE: Jennifer Melle får støtte frå mellom anna Det konservative partiet.
Christian Concern
Sjukepleiar tilbake på jobb etter transkonflikt
Skuldingane mot Jennifer Melle (40) er droppa etter ei disiplinær høyring på tysdag.
Dagen skreiv om Melle i mars i fjor samband med at ho vart suspendert. Bakgrunnen var at ho var skulda for «feilkjønning» av ein transperson. Vedkomande var dømd for pedofili og sat i eit mannsfengsel med høg tryggleik.
Støttespelarar for Melle har oppmoda helseføretaket om å droppe saka. Det skjedde då det var høyring i saka på tysdag, melder BBC.
Helseføretaket meinte at Melle kunne hadde brote teieplikta ved å dele detaljar om pasienten med media, men det vart ikkje funne prov på at pasienten var blitt identifisert. På det interne disiplinære møtet vart ho dermed klarert for vidare arbeid.