NEI: For å ta vare på seg sjølv, må ein kunna seia «nei», meiner sjelesørgjar Guro Brakestad.
Gunnhild Lønning
Sjelesørgjar om å setja grenser: – Det handlar om meir enn å seia nei
Som sjelesørgjar vil Guro Brakestad oppmoda menneske om å setja grenser for seg sjølv, akkurat slik Jesus gjorde.
Å setja grenser for seg sjølv i møte med andre kan vera krevjande og er ein utbreidd tendens i vår tid, understrekar sjelesørgjar Guro Brakestad.
Men kva tyder det å setja grenser i praksis?
– Grenser handlar om meir enn å seia nei. Det handlar mellom anna om kven ein er i møte med andre, om sjølvhevding, om å ytra sine ynske og behov og det å ta sin plass, seier Brakestad.