PÅGRIPEN: Tyler Robionson vart pågripen for drapet på Charlie Kirk 33 timar etter åtaket i Utah.
AP / NTB
Sikta skal ha tilstått Kirk- drap i nettforum. «Hata konservative og kristne»
22-åringen Tyler Robinson skal ha uttrykt motførestillingar mot Charlie Kirk, men ikkje planar om drap.
«Hei folkens, eg har dårlege nyheiter for dykk alle», heiter det i ei melding på kontoen til Robinson på plattforma Discord, melder Washington Post.
«Det var eg på UVU. Eg er lei for alt dette».
UVU er ei forkorting for Utah Valley University. Det var der den kristne konservative aktivisten Charlie Kirk vart skoten under eit arrangement i friluft på onsdag. Han døydde same dagen på sjukehus.