LAGET: Karl Johan Kjøde er generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag også kalt Laget.
Johanna Hundvin Almelid
Ser utfrose skulelag som eksempel for Kristen-Noreg
Smilande ungdommar med matpakkar og paraplyar i Sogndal vitnar om kristen tru på ein måte Karl Johan Kjøde gjerne ser meir av.
Dei siste vekene har det vore mykje mediemerksemd rundt det kristne skulelaget ved Sagatun ungdomsskule i Sogndal. Elevane vart nekta rom frå skuleleiinga og kommunedirektøren og valde derfor å samle seg utandørs.
Denne veka reflekterer generalsekretær Karl-Johan Kjøde i Norges Kristelege Student- og Skuleungdomslag over saka i Dagen-podkasten Tore og Tarjei.
– At ein vert nekta rom er ikkje så veldig overraskande, seier Kjøde.