Stein E. Nyfjolling
Ser stor marknad for nikab
Lokal oppfinnar vil ha stridande partar i debatten om heildekkande klesplagg opp av skyttargravene.
Bruk av nikab har prega det offentlege ordskiftet i fedrelandet dei siste vekene, og på benken utanfor Krykkjebakksundet Handelslag har bølgjene gått høgt.
Torsdag gjekk det så langt at islamkritikar Asbjørn Roger Skuggbergdal hamna i eit lettare handgemeng med leiaren i den lokale foreninga for religionsdialog, Lillemor Lampe.
Primvald Krykkjebakk d.y. tykkjer det er leit at debatten har køyrd seg fast. I staden for «energitappande ordkrig» har han brukt siste veka til å «få nikab-debatten ut av dødvatnet».