FELLESKRISTENT: Generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd meiner Olavs-arven djupast sett er Kristus-arven som sameinar alle kristne.
Tore Hjalmar Sævik
Ser olsok som ein sjanse til å byggje bru mellom kristne
Kyrkjetoppar meiner markering av livet og døden til Heilag-Olav har ein spesiell verdi i år.
Fuglekvitter og måseskrik blandar seg med motordur frå båtar som passerer på den blinkande fjorden. Trea rundt Herøy gamle kyrkjestad svaiar forsiktig i sommarbrisen.
Denne måndagskvelden er det olsok. Det markerer dødsdagen til Heilag-Olav på Stiklestad i 1030. Tre år tidlegare gjorde kristningskongen strandhogg nettopp her, ifølgje Snorre Sturlason.
Moglegheiter i Guds hender