☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer
Elkana Bohbot taler ved podium på scene med fargerik skjerm bak 1. mai 2026 på IKAJs folkemøte i IMI forum
VAR GISSEL PÅ GAZA: Elkana Bohbot fortalde om åra i fangenskap 40 meter under bakken i tunnellane til Hamas.

Samla over 400 israelvener 1. Mai: – Den nye, store støtte-Israel-dagen

Medan mange bruker arbeidardagen til å markera støtte til palestinarane, sat 430 israelvener i Stavanger og lytta til familiefaren, som var gissel på Gaza, i 738 dagar.

Publisert Sist oppdatert

– Det er mogleg å ta alt frå ein person. Mat. Drikke. Medisin. Hygiene. Klede. Sola. Men dei kan aldri ta trua på Skaparen. Den hadde eg alltid med meg, seier Elkana Bohbot til israelvenene som er samla på Den internasjonale kristne ambassaden i Jerusalem (IKAJ) sitt folkemøte i IMI Forum 1. mai.

Den 38 år gamle familiefaren er i Noreg for å dela historia frå to år i Hamas-fangenskap. Han var ein av arrangørane av Nova-festivalen, som blei råka av terroråtaket 7. oktober 2023. 

– Me må aldri, aldri gløyma det som skjedde, seier han til publikum.

Powered by Labrador CMS