USA: Amber Lavigne frå Maine saksøker skulen for ikkje å ha fortalt henne kva dottera sleit med.
Skjermdump Youtube Goldwater Institute
Saksøkjer skule etter «hemmeleg kjønnsskifte»: – Mine rettar er krenkja
Den amerikanske tenåringsmora fann ein «brystbinder» på jenterommet som 13-åringen skal ha fått av skulens sosialarbeidar.
– Å bli utelaten frå ei så livsendrande avgjersle gir rett og slett ikkje meining, seier trebarnsmora Amber Lavigne frå Maine i USA.
I 2022 oppdaga ho at dei tilsette ved skulen skal ha oppmuntra dottera til å få flate bryst, skifte pronomen og halde det heile skjult for mora, skriv The Christian Broadcasting Network (CBN).
No kan saka komme opp i amerikansk høgsterett.