VED VEGS ENDE: Anne Lise Ådnøy gir seg som biskop til våren.
Alice Tegle
Såg på bedehuskristne som ei utfordring. No tenkjer biskopen annleis
Det blir sagt at Anne Lise Ådnøy ikkje er til å rikka når ho først har bestemt seg for noko. Men etter åtte år som biskop har ho endra meining fleire gonger.
«Noen krefter vil dra vårt kirkesamfunn i retning av frikirkelig profil med stor vekt på
fellesskap og menighetskjerne. Denne tenkningen står sterkt i Stavanger bispedømme, og faller naturlig for folk som har en god relasjon til bedehuset og venneflokken».
Slik svarte Anne Lise Ådnøy på spørsmål om kva utfordringar ho såg i Stavanger bispedøme då ho var bispekandidat.
Etter sju år som biskop har ho snudd i synet på bedehuskristne og fleire andre spørsmål.